Handlekurv

Finn produkter
Produkt Pris Antall
 

UT PÅ TUR, ALDRI SUR


Høgste havklippa i Europa

Område: Sogn og Fjordane, Bremanger
Type: Fottur, Fjelltur, Topptur
Lengde: Ca. 13140 km
Varighet: Ca. 360 timer
Hardhet: Krevende
Passende for: Voksen
Hornelen er særmerkt, vidgjeten og fasinerer dei fleste. 860 stupbratte meter opp frå sjøen gjer fjellet til den høgste sjøklippa i Europa.

Den eine av to T-merkte løyper til toppen startar heilt i enden av vegen på Hunskår. Første del går i slakt stigande terreng austover omtrent 1 km, svingar så vestover med aukande stigning, og til dels bratt terreng. Opp til 400 høgdemeter kan det til tider vere noko vått. Mellom 400 og 500 høgdemeter vert stien noko slakare, men stig på nytt ganske bratt opp til eit vatn på ca 600 moh. Her ved vatnet er det vanleg å ta ein lengre pause og nyte noko av nista. Siste stykket før ein kjem opp på platået er det ein bratt kneik på ca 100 høgdemeter. Lett og fint terreng i vel ein kilometer før stien går bratt ned i Hornelsdalen. Resten av turen går i svakt stigande steinterreng til den siste bratt (100 høgdemeter) før ein når toppen av Hornelen – 860 moh. Sjølv om delar av turen er ganske bratt, er det inga klatring eller farlege parti. Merkt sti er lagt i trygt terreng. Heile Hornels-platået er overstrøydd med stein i ulik storleik. På oppturen kan ein nyte utsikta langt nordover på Møre og innover Nordfjorden. Frå toppen har ein også god utsikt mot Vingen og sørover Frøysjøen. Turen til toppen vil ta 3–4 timar. Oppkommen bør ein setje av tid til å nyte utsikta, og for dei som torer, leggje seg fram på kanten og sjå 860 meter ned i fjøresteinane eller på skipstrafikken rett under Hornelen. Det gir garantert eit sug i magen.

Turen ned til Berleneset er noko lenger enn oppturen frå Hunskår, men betydeleg slakare. Mesteparten går i tørt og lett terreng. Ta deg tid til å nyte utsikta mot fjellheimen i aust, Frøysjøen til endes sørover, og om sikta er god, kan du sjå heilt sør i Værlandet og Bulandet. Når ein har gått 2/3 av turen nedover, kjem Berlepollen til syne til høgre og sjølve Berlebygda rett i front. Mest heile nedturen går i tørt terreng. Nedturen endar nesten i slutten av vegen til Berleneset. 2–3 timar må ein rekne med frå Hornelen og nedatt når ein nyttar denne ruta. Når ein går opp frå Hunskår og nedatt på Berleneset, må ein også ha plassert bilar der turen sluttar.

Ankomst

Hunsksår ligg på Bremangerlandet, og ein kjem seg dit med båt frå Måløy. Det er ca 8 km fra fergeleiet til Hunskår, så bil eller sykkel er anbefala.


Sist endret: 01/06/2014


Logg inn

Mine sider

Nytt passord

Glemt passord?

Registrer

Bli medlem

Din ordre er registrert

Bestilling betalt

Produkter

Produkt Pris Antall

Sendes til addresse